topLogoSpacer
 

Sandve skole

1.  2.  3.  4.  5.  6.  7.  

Julebok i forlagstimane
Publisert: 20.12.2010 skrive av: Roger Pedersen

picture
 
picture
 

 

 

 

 

 

No i desember har andre- og tredje klasse jobba med å lage julebok i forlagstimane. Dei har teikna flotte teikningar og skrive om jul; både om nissar og adventbodskapen. Som ei avslutning på det heile, presenterte kvar elev sitt arbeid for resten av klassen. Klikk på "Les meir" for å sjå fleire bilete!

Eit fantastisk flott julespel
Publisert: 15.12.2010 skrive av: Roger Pedersen

picture
 
picture
 

Måndag 13. desember hadde elevar og lærarar premiere på julespelet "Ei glede for heile folket." Til ei fullsatt grendestove, gjorde elevane ein framifrå prestasjon, både som songarar og skodespelarar. De heime har all grunn til å vere stolte av dei. Litt vedmodig er det at dette nok blir siste julespelet Sandve skule kjem til å ha, siden kommunestyret stemde for å leggje ned skulen vår tysdag. Av den grunn var det så bra at heile bygda møtte opp og fekk sjå den flotte jobben elevar og lærarar har gjort. For å sjå fleire bilete, klikk på "Les meir"

Bibliotektur
Publisert: 06.10.2010 skrive av: Roger Pedersen

picture
 
picture
 

Biblioteket i Skudeneshavn er ein kjekk plass å vere. Som eit ledd i kulturskrin-satsinga, var andre- og tredje klasse på vitjing rett før haustferien. Blbliotekaren las for elevane og fortalde om ulike bøker. Etterpå fekk barna låne seg bøker sjølv. For å sjå fleire bilete, klikk på "Les meir."

Sortering, måling og vekt
Publisert: 06.10.2010 skrive av: Roger Pedersen

picture
 
picture
 

 

 

 

 

 

Andre- og tredje klasse driv med sortering, måling og vekt. Desse bileta er tatt frå ein heilt vanleg matematikktime. Som de ser, er dette matematikk brukt i praktiske situasjonar.

 
 
.